bike.no

søndag 1. mai 2011

Ein god kombo



















Etter ein fredagskveld på Bergensfest som starta med P.I.L.S og enda med at den godeste Joe Bonamassa (http://bergenfest.no/joebonamassa.html) toppa da med ein forrykande konsert i Peer Gynt, sto Jarle og eg tidlig opp lørdag morning. Himmelen var skyfri og me heiv oss på jernhestane og drog avgårde. Hardangerfjorden er fantastisk på denne tida, med frukttre i blomstring og restar av snø i fjella! I Eidfjord prøvde me oss på gamleveien opp Måbødalen men måtte gje opp etter ein stund pga. store snøfonner. Hardangervidda målte 3,7 grader men sola varma - og ikkje minst naturen. Det var utallige lemen i veibanen - ikkje alle lika oppegåande.















Etter ein rast ved Geilo med pecan og kaffi bar det sørover Numedalen. Me tok av østover ved Rødberg på ein skogsvei og gruslagt "fjellovergang" til Eggedal - og ein til over til Noresund (den vil nåken huska frå før:). Da blei nåken mil på grus - ganske anstrengande for amatørar (og i grunnen litt oppskrytt, fant me ut). På Hønefoss hadde kosta på oss hotell då me syns me fortente da.


På kvelden kjørte me til Telenor Arena og fekk me oss ein storslagen og uforgløymelig framføring av The Wall med Roger Waters. Store deler av veggen, som også var ein storskjerm (!), blei både bygd opp og knust igjen under showet. Den var vel 60-70 meter brei og 15 meter høg. Fantastisk musikk og effekta! http://www.vg.no/musikk/artikkel.php?artid=10093006




Heimturen søndag gjekk via Gol og Hemsedal. Litt kaldare i dag med 9 grader ved oppstart, og overskya. Men når me kom over Hemsedalsfjellet blei himmelen plutselig skyfri og varmen slo faktisk i mot oss ned mot Lærdal - deilig. Me observerte skilt med Historic Route ved Borgund, som sikkert er gamleveien - gjerne nåko å sjekka ut ein annan gong. Sett bort frå nåken altfor lange og trøttande tunnelar er jo området fantastisk. Me lurte på fjellveien til Aurland men trulig ekje den opna endo.



Stalheimskleivane er nå einveiskjørt - nedover.......... Hotellet åpna for sesongen i dag så då fekk me nyta kaffi og utsikten. Og for ein utsikt! (bildet) Hotellet har ein unik beliggenhet og ein lang historie lika frå 1885. http://www.stalheim.com/

Etter ei opplevelsesrik helg med musikalske godbeta og ca. 100 mil på sykkel uten problem i fanstastisk natur må me vel bare sei at detta va ein god kombo! Me er heldig og priviligert som får oppleva slikt og glad og takknemlig at alt gjekk så utrulig fint:-)


Jarle & Reidar

3 kommentarer:

  1. Hørtest ut som ein god combo dette her:) Kjekt at da gjekk fint heile vegen!

    SvarSlett
  2. ..flott skildring..og det hørtes ut som en fantastisk tur.. pecan og kaffe...e da nøtter eller is??? går ut fra at du holdt den sunne linje og at da va nøtter..men fryktar det værste..hehe....da va tross alt helg!

    SvarSlett